- Saudehornet rett opp
- Framside/Frontpage
- Om løypa/About the track
- Klasser/Classes
- Premiering/Prizes
- Påmelding/Booking
- Resultatlister/Results
- Kontakt/Contact
- Andre arr.
- Småbåttreff
- Salsmesse
- Div
- Nedlastingar
- Bilde/pictures
- Øyvind Sandbakk blogg
- Lenker
- Overnatting/Accommodation
Nyhendekategoriar» Øyvind Sandbakk blogg (26)
» Anna nytt (9)
» Nytt om løpet (14)
Sist opplasta
bilde i albumet
Klikk her

Hovudsponsor




































Øye maskin AS
Elkjøp
Staurset
Sweco Norge
Tine
Westres bakeri
Framside
Motbakkeløp midt i Sunnmørsalpane
Saudehornet rett opp – 1303 høgdemeter
- frå tareblad til tinderad
Saudehornet rett opp 2010 blir som vanleg arrangert første laurdagen i august.
Det betyr at datoen blir laurdag 7. august 2010.
Løpet var Noregsmeisterskap i 2006 og har siste åra vore ein folkefest med omlag 1000 deltakarar.
Vi ynskjer nok ein gong å gjenta suksessen og inviterer deg til Ørsta for å bestige ei av perlene i Sunnmørsalpane!
Nyhende!
Nytt av året er at vi har laga eit løp for yngre.
Løpet for ungar fødd i 2002 eller seinare går frå hamna til flaggstanga i Skåla, der dei får ein eigen medalje.
Dei er også med i trekning av uttrekspremiane på lik linje med andre deltakarar.
Saudehornet er rett og slett eit fantastisk utsiktsfjell. Kom og sjå for deg sjølv!
Frå utsikta mot aust og sør ser du hundretals tindar og toppar,
og mot vest mange holmar og øyer like til Norskehavet!
Arrangørane inviterar til langhelg i Ørsta, til Saudehornet rett opp,
Småbåttreff og salsmesse (06.-08. august)på Ørstas største møteplass; Ørsta Småbåthamn.
Ørsta Småbåthamn vart i 2002 kåra til ei av dei beste småbåthamnene i landet.
Vidare vert det salsmesse med mange spennande produkt.
Her vert musikkunderhaldning, sal av verdas beste sveler, grilling og servering mm.
Om kvelden avsluttar vi med stordans til flott musikk langt ut i sommarnatta!

Motbakkeløpet Saudehornet rett opp avsluttar www.naturfestivalen.no (31. juli-8. august),
som det største og mest spennande arrangementet for heile veka.
Dette er friluftslivopplevingar utan sidestykkje!
Arrangørar:
Ørsta Idrettslag, friidrett- og langrennsgruppa
Ørsta Småbåtlag
Ørsta Røde Kors
Ørsta Reiselivslag
Video frå Saudehornet Rett Opp 2009, filma av Åge Davidsen
Siste nytt
27.05.2010 - 23:35 h | Skrive av knnygar i Nytt om løpet | 0 Kommentarar
For første gong har vi i år bestemt oss for å lage eit løp for den yngre garde.
Alle ungar frå 0-8 år (fødde i 2002 eller seinare) kan melde seg på i dette løpet som går frå småbåthamna til flaggstanga(juletreet) ...
Les meir »
27.05.2010 - 23:19 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Nytt om løpet | 0 Kommentarar
Ein av Noregs beste motbakkeløparar, Kristen Skjeldal, har gitt beskjed om at han blir med på Saudehornet rett opp 2010.
Kristen var tidlegare ein habil skiløpar, med fleire OL og NM medaljar, men har siste åra gått meir over til Motbakkeløp.
Les meir »
Kristen var tidlegare ein habil skiløpar, med fleire OL og NM medaljar, men har siste åra gått meir over til Motbakkeløp.
Les meir »
01.08.2009 - 17:09 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Nytt om løpet | 0 Kommentarar
Resultatlista for 2009 ligg no under Resultatlister i menyen til venstre.
Den kan også lastast ned i PDF format under Nedlastingar.
Har du bilde eller film frå årets løp, send det gjerne til post@saudehornet.no eller lever det til Ørsta ...
Les meir »
24.07.2009 - 22:02 h | Skrive av knnygar i Anna nytt | 0 Kommentarar
Kulturstudio på TVSunnmøre der Siri Dahl forklarar om Naturfestivalen 2009, deriblant Saudehornet rett opp.
Først er det eit innslag frå Sommarfestivalen på Giske.
Les meir »
Først er det eit innslag frå Sommarfestivalen på Giske.
Les meir »






