Hjem /  / Arkiv for denne kategorien 'Anna nytt'


0 dagar 0 timar 0 minutt igjen til Saudehornet rett opp !

Arkiv for denne kategorien 'Anna nytt'

28.07.2009 - 11:00 h | Skrive av  i Anna nytt | 0 Kommentarar

Øyvind Sandbakk har meldt på fylgjande løparar frå sitt bryllupsfølgje:

- Øyvind Bucher Sandbakk, M 23-34 Ørsta IL
- Eirik Dagssønn Haugsnes, M 23-34 Aktivitetshuset Finsnes, (svært god bakkeløpar frå Troms)
- Elias Bucher, M 20-22 Schüpfheim, Sveits, (sveitsisk langrennsløpar)
 
- Silvana Bucher har med dette skifta namn til Silvana Bucher Sandbakk, Ørsta IL, D 23-34 :) 


 

24.07.2009 - 22:02 h | Skrive av  i Anna nytt | 0 Kommentarar

Kulturstudio på TVSunnmøre der Siri Dahl forklarar om Naturfestivalen 2009, deriblant Saudehornet rett opp.
Først er det eit innslag frå Sommarfestivalen på Giske.

Klikk her

 


 

Vi har også lagt ut ein film frå Saudehornet rett opp 2006.

Filmen er laga av Åge Davidsen og kan sjåast under Nedlastingar i menyen til venstre.


 

18.03.2009 - 18:26 h | Skrive av  i Anna nytt | 0 Kommentarar

Søndag 11. januar 2009 sprang motbakkekongen Jon Tvedt ut av tida så altfor tidleg berre 42 år gamal. Nedanfor kan du lese eit utdrag av minneorda om Jon Tvedt som Christian Prestegård skreiv på kondis.no 13 januar, og som han har gjeve oss lov til å gjengje her:


Søndag 11. januar 2009 sprang motbakkekongen Jon Tvedt ut av tida så altfor tidleg berre 42 år gamal. For meg stoppa tida då eg fekk den triste og tragiske meldinga om at Jon hadde omkome under sin tradisjonsrike (søndags-)treningstur på Gullfjellet ved Bergen, - i eit område han elska å springe i. Det var ikkje til å tru at den aller beste og mest veltrente av oss til å springe i bratte motbakkar og ulendt fjellterreng skulle omkome på tragisk vis på si eiga heimebane,- Dei faste søndagsturane på Gullfjellet gav Jon ny inspirasjon og energi til å takle livets ulike motbakkar som han hadde meir enn nok av .


Dette vart formidla i NRK-TV-programmet 1. oktober 2007 ” Året det var så bratt ”om Jon Tvedt og hans multihandikappa son Jens på 3 år . Det kontrastfylte programmet om livets motbakkar, oppturar, gleder og sorger gjorde eit sterkt inntrykk på ”heile Noreg”. Programmet starta med inngangen til 2007 der Jon formulerte to hovudmål for 2007: Det eine var å sette rekord i Skåla 1848m rett opp, det andre var å få sonen til å lære seg å gå. I innleiinga seier Jon til sonen ”Sånn må du lære deg å gå. Du må holde deg, skjønner du. - Pappa kan ikke holde deg hele livet” No må Jens stå og gå utan pappas hjelp.

Tankane i dag går fyrst og fremst til lille Jens , den 12 år gamle dottera Laila og hans næraste familie som på brutalt vis har mista sin kjære. Orda strekk ikkje til.

Oppturen for motbakkeløping i Noreg har fått sin fyrste store nedtur og tomrommet etter Jon Tvedt er det ingen som vil klare å fylle. Det er den store frontfiguren blant motbakkeløparane som har gått bort. Jon vart det store fyrtårnet for den nye nasjonale motbakkeløp-bølgja med sine rå sigrar og rekordar i det eine motbakkeløpet etter det andre. Han vann alle 4 NM i motbakkeløp som har vore arrangert, og når det handla om tøffe og bratte motbakkefjelløp var det ingen nordmenn som klarte å slå han. 

I år byrjar ei ny tidsrekning ikkje berre for Skåla 1848m rett opp, men for heile motbakkerørsla i Noreg og ikkje minst for alle dei andre motbakkeløparrangørane som i dag har Jon Tvedt som løyperekordhaldar Blant desse er Stoltzekleiven Opp, Fanaråken Opp, Storehesten Opp, Saudehornet Opp, Varden Opp, Nesaksla Rett Opp, Svinestrandløpet, Eggenipa Opp, Ulriken Opp, Hanguren Opp, Trappeløpet Høyanger, Vetenløpet og Blåhø Opp. 

Det var i 1995 at orienteringsløparen Jon Tvedt , med 10 NM-gull i orientering, debuterte som motbakkeløpar i Stoltzekleiven Opp i Bergen og sette det som er vorte ein historisk løyperekord på 8.13. Deretter vann kan løpet sju gonger og står med dei 4 beste tidene som er oppnådd i løpet dei 30 åra løpet har vore arrangert. Det er verd å merke seg at det berre er 10 sekundar mellom rekorden som han sette som 29 åring og tida som 42 åring i 2008, då han vann på 8.23, året før vann han på 8.19. Ikkje rart at Bergensarane kallar Jon for Stoltzekongen.


 

18.08.2008 - 22:18 h | Skrive av  i Anna nytt | 0 Kommentarar

No kan du sjå innslaget frå Skålavegen, der også Saudehornet rett opp blir nemnt, på NRK nett tv.

Klikk her

 

15.05.2008 - 00:08 h | Skrive av  i Anna nytt | 0 Kommentarar

Naturfestivalen 2008 har no fått oppdaterte sider.
Mange aktivitetar er på plass allereide, og fleire vil kome til.

Naturfestivalen


 

19.03.2008 - 08:49 h | Skrive av  i Anna nytt | 0 Kommentarar

God påske og god skitur!

Dersom de treng gode grunnar for å kome dykk ut på tur:

http://www.forskning.no/Artikler/2008/mars/den_snikande_kraftloeysa

 

03.01.2008 - 10:00 h | Skrive av  i Anna nytt | 4 Kommentarar

Det var med stor sorg vi mottok bodskapen om Hjørdis Kristoffersen sin bråe bortgang.
Ho var ein av dei mest sentrale personane som fekk i gang motbakkeløpet ”Saudehornet rett opp” i 2003, og som sidan har vorte ein av dei største suksessane blant idrettslege arrangement i Ørsta.
Ho la også stor vekt på den sosiale profilen med å blande ulike aktivitetar. Eit flott døme på dette er aktivitetar som er samla den veka Naturfestivalen og ”Saudehornet rett opp” pågår.

Vi kjem til å sakne henne og hennar store engasjement for Ørsta.

Våre tankar går til hennar etterlatte og den sorg dei sit att med etter det store tapet.

Styringsgruppa
Saudehornet rett opp


Personbilde/k_hjordis.jpg

 

31.12.2007 - 20:56 h | Skrive av  i Anna nytt

Håper alle har hatt ei god jul, og at alle får eit godt nytt år med mange fine fjellturar.
Og lukke til med oppbygginga til Saudehornet rett opp 2008

 

17.12.2007 - 00:26 h | Skrive av  i Anna nytt | 0 Kommentarar

Søndag 17 desember vart desse sidene til Saudehornet rett opp fornya.

Sidene har gått igjennom ei total fornying og oppgradering, forhåpentligvis til det betre.

Send gjerne kommentarar, eller feil du måtte finne, til webmaster@saudehornet.no.