Om løypa/About the track
Informasjon om løypa o.l.
Startstad: Ørsta Småbåthamn
Starttid konkurranseklasse: kl 11.00
Starttid familie- mosjonsklasse og barneløpet: frå kl 08.00
Registrering / utdeling av startnr frå kl 08.00
Garderobe: Ørsta IL klubbhus
Hugs: Sekk 2,5 kg.
Løypa er merkt med blåe markeringar frå start til mål, og startar på asfaltveg ved Ørsta Småbåthamn, fortsett over gangbrua og framom Amfi Senteret. Kryssar Webjørn Svendsensgata og vidare under gåbrua mellom Sissel`s Blomster og Sparebanken Møre. Kryssar gågata Vikegata og vidare opp Sjøbrauta og kryssar RV 39 i Nupenkrysset og rett opp Vikegeila.
Ein kan følgje deltakarane frå start i fjøresteinane og like til mål...
Ved enden av bebyggelsen vert det grusveg heilt opp til Vasshus 3 og drikkestasjon nr 1.
Herfrå fylgjer barneløypa vegen mot venstre.
Alle andre skal fylgje stigen vidare til høgre i noko slakt terreng.
Etter at du har kryssa Vikeelva og passert Bennahølen, ein forfriskande badehøl, vert terrenget noko brattare og svaberga her kan vere noko fuktige.
I krysset mellom Saudehornet og Vallahornet er drikkestasjon nr 2.
Ta inn på stien mot venstre og fyl åsryggen heilt til toppen av Saudehornet.
Då terrenget her er noko brattlent og toppområdet ikkje så stort, har Ørsta Røde Kors sett opp vakter til å leide folk i rett retning både til toppen og i ei sløyfe nedatt første delen.
Det er to stasjonar som tar mellomtider på veg opp Saudehornet, ved Vasshus 3 og drikkestasjon 2 i krysset mellom Saudehornet og Vallahornet.
Drikkestasjon nr 3 er plassert på toppen.
Løypeprofil:



- Detaljar
-
Sist oppdatert søndag, 29. mai 2011 01:49
-
Publisert torsdag, 26. mai 2011 00:39